top of page

Bli kjent med fotografen!

Updated: Jun 12


Fotograf Emmy af Geijerstam
Foto : Liia Valdor

Hei! Eg heiter Emmy Madeleine Victoria og eg er bryllupsfotograf i Norge – med eit hjarte for ekte kjenslar, latter, tårer og alle dei små detaljane som gjer ein dag heilt spesiell. Detta er mitt aller første blogginnlegg her på nettsida, sjølv om eg starta opp i 2016. Det handlar om noko ganske viktig: kven eg er, og kvifor eg elskar det eg gjer.


Vesle jenta frå Sogn

Eg var 12 år då eg fekk mitt første kamera av pappa, og eg fotograferte alt eg kom over i bygda mi i Sogn – frå blomstrar til menneske. Eg gløymer aldri kjensla då eg klarte å «fryse» ein vanndråpe for første gong.

Då eg fekk fotografere mine to første bryllup på vidaregåande, visste eg at det var detta eg ville. I staden for å studere fotografering i England, vart eg lærling på Austlandet. I 2017 tok eg svennebrev med «meget godt bestått».


Bryllup på Valdres Folkemuseum
Frå mitt andre brudepar på Valdres Folkemuseum i 2014

Fotograf med hjarte for ekte augeblink

I dag jobbar eg mest som bryllaupsfotograf i Norge, men tek også på meg oppdrag som familiar, nyfødde, konfirmantar, bedrifter og eigendom. Eg har fått fange mange augeblink – frå latter og tårer til sterke kjærleik.

Favorittbryllaupa mine? Alle bryllup er unike og fine, men det er noko ekstra med dei eg får vere med heile dagen eller heile helga, og får fortelje historia slik den faktisk var – frå nervøse morgontimar til seine nattetimar på dansegulvet. Om det er på ein gard, på fjellet eller på eit luksushotell, det spelar inga rolle. Eg er der for å fange deira unike dag og kjærleik.


Fotografen på dansegolvet.
Foto : Siv Anett Jakobsen


La dagen vare evig

Slagordet mitt "La dagen vare evig" er meir enn fine ord, det handlar om å skape bilder som varar. Eg fotograferar ikkje berre for deg her og no, men for framtida. For at du ein dag kan bla i albumet ditt på gamleheimen og drøyme deg tilbake til den store dagen. For at barnebarna dine skal få sjå korleis det såg ut då kjærleiken dykkar vart feira.

Eg legg vekt på det naturlege: ekte kjensler og ekte augeblink. Bilda mine skal vere varme, jordnære og ærlige, ikkje for stive og oppstilte. Som fotograf følger eg deg frå A til Å, og leverer bilde i eit digitalt galleri, produserar album og produkt som får historia di til å leve vidare, i generasjonar.

Vi alle hugsar dei gamle bryllupsbilda av besteforeldra våre som heng i trappa heime. No er det din tur til å skape dessa minna.


Kven er eg utan kamera?

Eg kjem frå ein liten plass i Sogn – med panormautsikt over sognefjorden og eg trur det har forma både blikket mitt og hjartet mitt. Eg er kreativ, drøymande og sosial, og trives aller best saman med dei eg er glad i. No bur eg i Drammen, og driv å byggjer hus i Skoger med min forlovede medan vi planlegg vårt eige bryllaup.

Når eg ikkje jobbar (noko som skjer sjeldan – eg elskar jobben min), finn du meg gjerne på fjelltur eller hengekøyetur, med ein aperol spritz på verandaen, eller djupt inne i ein krimserie. Eg elskar god mat og vin, og har ein svakheit for Tine iskaffe mocha, serien Deadliest Catch og favorittfilmen The Green Mile.

Etter eit bryllaup ligg eg gjerne rett ut, som etter ein skikkeleg fest. Det seier litt om kor mykje eg legg i jobben eg gjer. Eg gir alt for at bileta dine skal bety noko og ta deg rett tilbake til augneblinka.



Fotografen med fornøgde kundar
Foto : Marion Midtlie


Ein fotograf med både hjarte for faget og fagleg tyngde

Eg har vore medlem av Norges Fotografforbund – forbundet for profesjonelle fotografar, heilt sidan eg var lærling i 2015-2017. Her har eg fått delta i både laugs- og landskonkurransar, og det har blitt både premierte bilete og medaljar på vegen! Eg har fått tre bronsemedaljar – to i Vestfold Fotograflaug, og ein i sjølvaste landskonkurransen. Det er stor stas å få anerkjenning frå kollegaer i bransjen, og det motiverer meg til å fortsette å utvikle meg – både fagleg og kreativt. I 2017 tok eg også svennebrev og fekk meget godt bestått.


Bryllup i Jotunheimen
Brudefølge i Jotunheimen
Fornøgd brudgom
High on Love

Meir enn berre ein fotograf

For meg handlar det ikkje berre om å levere fine bilde. Det handlar om å vere ein del av dagen – som støttespelar, humørspreiar og som ein tryggleik. Eg kommuniserar tett med brudepara mine både før, under og etter bryllupet. Når eg får høyre at bileta mine får dei til å oppleve dagen på nytt blir eg rørt. Og det finaste? Mange av kundane mine blir verande – som vener og som kundar til andre store augneblink i livet som nyfødt og konfirmantar.


Så… er du på jakt etter ein bryllupsfotograf i Norge som bryr seg om dykk og dykkar unike kjærleikshistorie, bildeforteljinga og som fangar dei ekte augeblinka og lar dagen vare evig? Ta kontakt med meg og la oss bli kjent.


Fotograf Emmy af Geijerstam
Foto: Liia Valdor

Takk for at du las heilt hit – og følg gjerne med vidare. Snart kjem eit heilt eige innlegg om ein heilt spesiell pappa og tre utruleg rørande augneblink eg har fått vere til stades på opp igjennom dei siste åra.


 
 
 

Comments


1.png

@ Emmy af Geijerstam - 2024 - org nr. 917 074 143

bottom of page