5 premierte bryllupsbilder i Landskonkurransen 2026
- Mar 24
- 2 min read
Eg er veldig glad for å kunne dele at fleire av bilda mine i år fekk heiderleg omtale i Landskonkurransen i regi av Norges Fotografforbund.
Landskonkurransen er ein årleg konkurranse for profesjonelle fotografar frå heile landet, der bilda blir vurdert av ei fagjury. Nivået er høgt, og det er alltid spennande og litt nervepirrande å sende inn eigne arbeid.
I år sende eg inn seks bilder i bryllupskategorien. Fem av dei fekk heiderleg omtale, noko eg er både takknemleg og stolt over.
For meg handlar slike konkurransar ikkje berre om resultatet, men også om utvikling. Det å få arbeidet sitt vurdert av andre fagfolk gir motivasjon til å bli betre og til å fortsette å leite etter sterke augneblink, godt lys og ekte kjensler.
Under kan du sjå dei premierte bilda.

Eit øyeblikk med fart og latter
Bryllup handlar ikkje berre om romantikk. Det handlar også om glede, latter og gode vener .Dette bildet er frå eit øyeblikk der stemninga verkeleg tok av, bokstaveleg talt.

Dei store landskapa
Noko av det eg elskar med å fotografere bryllup i Noreg er naturen rundt oss .

Nærleik
Små øyeblikk mellom to menneske som nettopp har sagt ja til kvarandre er ofte dei mest verdifulle. Dette er eit stille, nært øyeblikk eg fekk fange mellom brudeparet.

Mellom augneblinkane
Ofte skjer dei finaste bilda litt mellom dei planlagde øyeblikka. Eit smil, ein kommentar eller ein liten pause kan fortelje mykje om stemninga på dagen.
Takk for tilliten
Eg er veldig takknemleg for alle brudepar som lar meg dokumentere bryllupsdagen deira. Det er ei stor tillit å få vere så tett på dei viktigaste augneblikka i livet til folk.
Eg gler meg uansett til fleire bryllup, fleire historier og nye augneblikk å fange.





Comments