Korleis det eigentlig er å vere bryllupsfotograf
- Emmy Madeleine Victoria af Geijerstam
- Jun 23
- 2 min read
(spoiler: det handlar ikkje berre om å ta bilder)

Folk ser ofte dei fine bilda eg legg ut - det varme lyset, det blikket mellom to som elskar kvarandre, det eine magiske augneblikket. Det eg gjere på ein bryllupsdag handlar om mykje meir enn berre å skape fine motiv.
Det handlar om å vere til stades. Å vere eit roleg punkt, ein trygg hand, og ei som ser - også det som skjer mellom dei store hendingane. Eg fotograferer ikkje berre augeblikka de hugsar. Eg fangar også dei dykk kanskje ikkje visste at fann stad.

Gjennom dagen fortel eg dykkar unike historie, litt etter litt, bilde for bilde. Frå nervar om morgonen til latter rundt middagsbordet, og vidare ut på dansegulvet. Eg er med - forsiktig, diskret, men alltid nær. Nokon gongar betyr det også å steppe inn og hjelpe til: finne igjen eit slips, ta ut sløret, sy brudekjolen som sprakk 10minutt før avreise, roe ei spent brud, eller få samla familien til gruppebilete før middagen.

Eg har alltid gnagsårplaster og solkrem i veska, ete lunsj der det finst eit ledig tidspunkt - og planlegg i hovudet korleis me best kan bruke lyset, vêret og omgjevnadene for å skape noko ekte.
Det er intense, lange og utruleg fine dagar.

Når eit brudepar seier i etterkant "du føltest meir som ein venn, ikkje berre ein fotograf", då veit eg at eg har fått vere noko meir enn ein “leverandør”. Eg har fått vere med og fortelje historia deira - på ekte.
For målet mitt er alltid det same: å la dagen vare evig.
Utruleg takknemeleg for at detta er min jobb.

Comments