top of page
Search

Ein vellykka landskonkurranse

19-22mars gjekk turen til Kristiansand og dyreparken for landskonkurransen og FOKUS av NFF (Norges Fotografforbund). Det var godt å endeleg sjå alle kollegaene, bekjente, nye ansikter og venner igjen etter 3år.


Vi hadde godt med faglig påfyll, deilig mat, festligheter og omvising i dyreparken på nattestid. På måndagen avslutta vi dagen med å feire det Sørlandske fotografflaug som feira 102år (skulle jo vert feira for 2 år sidan for den store 100årsdagen). Til slutt avslutta vi med landskonkurransen.


Mange gode bidrag og vinnar blant oss i salen. Vi kunne i år sende i 6 bilder og få poeng samla for dei 4 beste. Eg fekk alle mine 6 bilder premierte i konkurransen og derav ein hederlig omtale. Gledar meg allereie til neste år til så prestere endå betre. Ein liten konkurranse mot seg sjølv er kjekt.



Dette får eg til, takke være mine kunder som velger meg som deres fotograf. Uten dere hadde ikkje detta vert mogleg.

Takk


Recent Posts

See All
bottom of page