Ein pappa, tre døtrer og tre uforgløymelege bryllup
- Emmy Madeleine Victoria af Geijerstam
- Jun 12
- 2 min read
Det finst mennesker som festar seg, ikkje berre i bilda, men i hjartet. Ein av dei er han pappaen her. Eg møtte han første gong då han skulle gi bort den mellomste dottera si under korona. Litt alvorleg, tydeleg rørt, og då han såg ho i kjolen, stoppa tida eit lite augeblink. Eg kjende det i augekroken sjølv. Det vart tårevått – hos han og hos dei rundt.


Det var eit vakkert bryllup. Eg tenkte: «Dette var ein pappa som kjende på mykje.» Men det eg ikkje visste då, var at eg skulle få sjå han stå slik – to gongar til. Tre døtrer, tre kjolar, tre bryllup eg aldri kjem til å gløyme. Same pappa. Same blikk. Nye tårer. Ny kjærleik.

Det er ikkje alltid dei store smila eller perfekte poseringane som rører mest. Det er dei stille augneblikka, fulle av kjenslar, som blir verande og lar dagen vare evig.
Og ja – reaksjonane hans lever vidare. Nye brudepar viser ofte til bileta hans og seier: «Eg vil ha eit slikt bilete med pappa.» Det skjønnar eg godt, for det gjer inntrykk. Nokon fedre fell i gråt, andre blir heilt stille. Nokon berre smiler og står i ro. Alle reagerer ulikt – og det er heilt greitt. Eg kan desverre ikkje trylle, men å ta ein first look med pappa er noko eg anbefalar på det sterkaste.
Det viktigaste er ikkje tårene – det er kjensla i rommet, og å få vere til stades når den oppstår.

Eg skal innrømme det, då den siste dottera stod brud, vart eg ekstra rørt. Eg kjende på at dette var eit farvel med ei heilt spesiell reise – med ein familie eg har fått følgje gjennom fleire år. Då pappaen fekk tårer i auga, kom dei hos meg og. Tre søstrer, tre brudekjolar, tre bryllup eg aldri vil gløyme. Eg kjende det på kroppen, ei blanding av glede og vemod.
Takk

コメント